Illustrert av Sandra Victoria Holst
"Som mamma til 3 tette gutar med mykje energi, temperament og høgt konfliktnivå, ante eg ganske raskt at her var det noko som gjerne burde sjekkast litt nærmare. Mens vi venta på utredning, las eg det eg kom over av fagstoff og følte at vi var på rett spor. Vi enda opp med to gutar med adhd-diagnose, men undervegs og i ein alder av 35, skjønte eg at eg trulig hadde det sjølv også."
"Eg hadde alltid følt meg annleis, uten å forstå kvifor. Skule og utdanning mestra eg bra, men etterkvart som eg vart voksen og fekk meir ansvar, var det ein del ting som vart meir og meir utfordrande og eg var lett å stresse.
Likevel takka eg nei til testing av medisin etter diagnostisering fordi eg følte det å få diagnosen og endelig forstå meg sjøl, var meir enn godt nok. Eg var òg redd for å miste meg sjøl, og å bli annleis av medisin. Gutane mine brukte medisin, og det var mykje prøving og feiling for rett type og dose, og eg ønska ikkje å gå gjennom det same.
Det var ganske tøft å vere mamma med adhd til fleire barn med adhd. Sjøl om eg forstod dei, så var det ofte at eg møtte deira oppførsel med sinne og frustrasjon, impulsiv og lett antenneleg som eg var. Eg var ei sliten mor, sett i ettertid, mest sliten av meg sjølv.
Eg ser på adhd som ein ressurs. Det er den som gjer meg så kreativ, uredd, løysingsorientert, hyperfokusert, positivt innstilt, munnrapp og energisk. Samstundes er det adhd som gjer meg lett sint og stressa, ufokusert når ting er uinteressant, sliten av sosiale settinger, impulsiv, gir meg tankekjør og gjer at eg ikkje fullfører mange påbegynte prosjekt.
Etter mykje fram og tilbake valde eg å teste medisin i fjor, og har no brukt min valde medisin i halvanna år. Med den erfaringa eg har no, ser eg at eg burde gjort dette for lenge sidan. Medisinen hjelper meg til å bli ein bedre utgave av meg sjøl, utan tvil. Den har heller ikkje tatt frå meg kreativiteten, slik eg var redd for, den hjelper meg til å fullføre prosjekt, til og med dei mindre lystbetonte.
Alt i alt er eg stolt av å ha adhd, og i ein alder av 44 år, lever eg godt med den. Eg kjenner meg fortsatt annleis, men på ein god måte. Gutane våre har det også bra, og ser ikkje på adhd som ei hindring."
Elisabeth, 44 år
コメント